Tre nye evalueringsprosjekt lagt ut på anbud

Denne veka har Evalueringsavdelinga i Norad lagt ut tre nye evalueringsprosjekt på anbud. Evalueringane skal ta for seg bruken av tidlegare militære kjøretøy (M6) i humanitær bistand, norske forskingsinstitusjonars bidrag til fred og konfliktførebygging og resultata av norske frivillige organisasjonars innsats i Guatemala.

Evaluering av bruken av tidlegare militære kjøretøy (M6) i humanitær bistand

Bruken av dei tidlegare militære lastebilane for å frakt mat og anna nødhjelp i krisesituasjonar var mykje omtalt i media i vår. UDs politiske leiing har bedt om ei grundig evaluering av effektane av bruken. Rapporten frå evalueringa er planlagt ferdig før jul i år.

Evaluering av norske forskingsinstitusjonars bidrag til fred og konfliktførebygging

Forholdet mellom forvaltning og forsking er eit sentralt tema i den bistandsdebatten som har gått det siste året. Evalueringsavdelinga vil nå få gjennomført ei evaluering av bidrag frå fire norske forskingsinstitusjonar i fredsbygging og konfliktførebygging, og forvaltningas bruk av desse bidraga. Det gjeld NUPI, PRIO, CMI og FAFO. Denne evalueringa er også planlagt å vere ferdig før jul.

Evaluering av resultata av norske frivillige organisasjonars innsats i Guatemala

Som eit ledd i oppfølginga av Rattsø-utvalgets rapport vil Evalueringsavdelinga nå gjennomføre landevalueringar av bistand gjennom det norske sivile samfunnet. Den første vil omfatte Guatemala, der ein vil velje ut fem - sju av dei norske organisasjonane. Hovudvekta vil bli lagt på dei endringane som innsatsen har ført til. Rapport vil liggje føre i januar 2008.

Fleire evalueringar i gong

Desse evalueringane kjem i tillegg til fleire andre som nå er sett i gong. Det gjeld evaluering av norsk bistand på hiv-aidsområdet i Etiopia, Malawi og Tanzania. Det er det britiske konsulentfirmaet ITAD som har fått denne kontrakten. SCANTEAM vann konkurransen om å gjennomføre ein syntesestudie av rapportar om vellykka tiltak innafor kapasitetsbygging i afrikanske låginntektsland. NCG i samarbeid med Channel Research fra Belgia har fått kontrakt på å evaluere det norske "pakkesystemet" for nødhjelp NOREPS. Tidlegare i vår fekk Oxford Policy Management kontrakten på evaluering av norsk bilateral bistand til Zambia. Evaluering av givarfond i Verdsbanken for miljømessig, sosial og berekraftig utvikling gjennomføres av danske COWI Consult.

Meir informasjon om evalueringsprogrammet finn du her:

Gå til Evalueringsavdelinga sine sider på norad.no