Verdas aidsdag 1. desember

Verdas aidsdag har sidan 1988 vorte markert over heile verda 1. desember. I Oslo vert laurdagen markert med stands, gudsteneste, fakkeltog og fest. Årets slagord "Stopp aids, ta ansvar!", er del av ein 5 års kampanje som i 2007 og 2008 skal ha fokus på leiarskap.

Fredag 30. november arrangerer HIVNorge ein fagkonferanse. Temaet for konferansen er å sjå korleis det nasjonale hiv- og aidsarbeidet er i samsvar med Noreg sitt internasjonale engasjement. Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad skal halde innlegg om korleis hiv-epidemien vert takla i Noreg.

Gå til HIVNorge sine heimesider for program og påmelding:

http://www.hivnorge.no/id/202

For oversikt over andre norske arrangement i samband med Verdas aidsdag, gå til Sosial- og Helsedirektoratet sine heimesider:

http://www.shdir.no/vp/multimedia/archive/00019/Viktige_markering_i__19324a.pdf

For oversikt over kampanjen og arrangement internasjonalt, gå til World Aids Campaign sine heimesider:

http://www.worldaidscampaign.info/