Noreg får god karakter for sin aids-bistand - men evaluering er bekymra for oppfølging i felten

Noreg er ein fleksibel og risikovilleg givar i kampen mot hiv og aids. Norsk bistand har klart medverka til å styrke den nasjonale kampen mot epidemien i viktige samarbeidsland, i nokre tilfelle til å nå viktige mål med varig verknad. Dette kjem fram av ei evaluering av norsk bistand til arbeidet mot hiv og aids som er gjort av eit britisk konsulentselskap for Evalueringsavdelinga i Norad. Men rapporten uttrykkjer også bekymring for om Noreg har ressursar nok til å følgje opp bistanden ute i felten.

Evalueringa omfattar norsk bistand i kampen mot hiv og aids i Etiopia, Tanzania og Malawi i tillegg til ein studie av norsk innsats mot aids på det globale planet.

Rapporten gir eit bilde av Noreg som ein svært lydhør givar som kanskje i større grad enn andre er fleksibel og villig til å støtte nasjonalt leiarskap i kampen mot hiv og aids. Slik støtte gir mindre synlege resultat av dei norske midlane, men vil ifølgje rapporten få større innverknad på lengre sikt.

Rapporten peikar på at den norske støtta gjennom ulike kanalar, som statleg bistand, gjennom frivillige organisasjonar og gjennom globale fond og organisasjonar, ikkje er godt nok samordna og at omsynet til hiv og aids ikkje er godt nok integrert i andre utviklingstiltak.

Det er også eit problem ved den norske aids-bistanden at ein ikkje har god nok kapasitet til å følgje opp gjennomføring av tiltak på landnivå for å sikre gode resultat.

På det globale nivået har Noreg vore ein konsistent og aktiv medspelar, og har gitt viktige bidrag til varige endringar i det internasjonale systemet for å kjempe mot hiv og aids. Det er gjort på ein måte som har styrkt nasjonalt eigarskap i utviklingslanda, seier rapporten.

- Det er interessant å notere seg at dette er endå ein rapport som peikar på fleksibilitet og vilje til å ta risiko som ei sterk side ved norsk bistandsverksemd, seier Asbjørn Eidhammer, evalueringsdirektør i Norad. - Samtidig ser vi også her ulempene ved den norske tilnærminga, at vi ikkje set av nok ressursar til å følgje bistanden ut i felten og sikre resultata. Det er eit funn som går att i fleire evalueringsrapportar.

Se rapporten i fulltekst:

Evaluation of Norwegian HIV/AIDS Responses