To piker driver brukertesting i Vietnam
For å gi positive resultat på læring, må teknologi koplast til god pedagogikk, skriv Bård Vegar Solhjell og Manos Antoninis. Biletet er frå brukertesting blant skuleelevar i Bac Ha, Vietnam.
Foto: Christopher Brandt, Norad

Ulik tilgang på teknologi gir ulikskap i utdanning

God utdanning for alle er eit av berekraftsmåla vi skal nå innan 2030. Trass i framgang på enkelte område, veit vi no at vi ikkje vil nå målet. Det er særleg i det globale sør utfordringane er størst.

Kronikk av Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad og Manos Antoninis, direktør the Global Education Monitoring (GEM) Report

Den nyaste Global Education Monitoring Report viser at talet på barn som går på skule aukar, andelen som gjennomfører barneskulen og ungdomsskulen går opp, og fleire jenter går på skule no enn nokon gong.

Det er positivt, men samtidig er det over 250 millionar barn og unge som ikkje går på skule. Og mens dei globale tala viser ein positiv trend i mange regionar, er det 12 millionar fleire barn og unge i Afrika sør for Sahara som ikkje går på skule i dag enn det var i 2015. Kvart fjerde barn i denne delen av verda fullfører ikkje barneskulen. Skulestengingar og reduserte utdanningsbudsjett verda over forårsaka av Covid-19, har hatt svært negativ innverknad.

Sjølv om utdanning er høgt prioritert i mange statsbudsjett, strekkjer det ikkje til fordi nasjonalbudsjetta i utviklingsland er for små. Låge skatteinntekter, lite utvikla næringsliv, ulovleg kapitalflukt og korrupsjon – utfordringane er mange.

Utan tilstrekkeleg finansiering blir det dårlege skulebygg, lærarar har knapt fullført vidaregåande skule sjølv, dei får ikkje løn dei kan leve av, og nokre gonger uteblir løna i fleire månader. Det er overfylte klasserom fordi kulla er store, det er ikkje nok lærarar, og pedagogikken blir ikkje fornya. Ofte er det korkje bøker eller blyantar i klasseromma, og nettbrett har mange framleis ikkje sett.

Difor er det mange barn som ikkje lærer grunnleggjande ferdigheiter sjølv om dei går fleire år på skule. Blant dei som fullfører barneskulen i Afrika, er det berre éin av fem elevar som får tileigna seg ferdigheiter på forventa nivå.

Kan digital teknologi vere ein del av løysinga?
Mange utviklingsland ser difor no på moglegheitene ny teknologi kan gi. Teknologiselskapa har bidratt til å gi inntrykk av at digital teknologi kan vere løysinga på mange av utfordringane i skulesektoren, også i utviklingsland. Nokre selskap har hevda det vil kunne erstatte lærarleia undervising.

Rapporten viser at enkelte typar digital teknologi styrkjer tilgang til utdanning og opnar nye moglegheiter for nokre grupper. Ny mobil teknologi gjer ein stor forskjell for mange blinde, svaksynte, dyslektikarar og andre med lærevanskar. I enkelte kriser, som i Ukraina og for syriske flyktningar, har mobil teknologi gitt elevar moglegheit til å fortsetje utdanning når det elles ville vore umogleg. Radio og TV gjer også utdanning tilgjengeleg for grupper som ikkje bur i nærleiken av utdanningsinstitusjonar.

Erfaringane frå lange skolenedstengingar under Covid-19 har likevel lært oss at digital teknologi ikkje vil kunne erstatte den fysiske kontakten mellom lærarar og elevar. Mange elevar som hadde tilgang til digital teknologi, sleit då dei ikkje lenger hadde den sosiale konteksten som skulen også er. Diverre auka også forskjellane mellom dei som då hadde høve til å fortsetje noko læring ved tekniske hjelpemiddel og dei som ikkje fekk nokon skulegang i det heile tatt.
Rapporten viser at teknologi bidrar til auka ulikskap. Sjølv om andelen internettbrukarar globalt auka frå 16 % til 66 % i perioden 2005 til 2022, har dei teknologiske nyvinningane førebels ikkje nådd dei aller fattigaste familiane på landsbygda i utviklingsland. Bortimot ein tidel av verdas befolkning har framleis ikkje tilgang til elektrisitet. For befolkninga på landsbygda sør for Sahara er det framleis under 30 % som har innlagd straum, og på globalt nivå har framleis 1 av 4 barneskular ikkje tilgang på elektrisitet.

Samstundes vil ei digitalisering av skolar i låginntektsland auke landa sitt finanseringsgap for å nå FN sitt berekraftsmål 4 med 50 %. Dette vil koste over USD 1 milliard kvar einaste dag.

Må ha barn og læring som utgangspunkt
Før vi støttar nye digitale prosjekt retta mot barn, lærarar og skular i utviklingsland, er det viktig å analysere utfordringane teknologien skal løyse, analysere læringsbehova, og ta utgangspunkt i den lokale konteksten.

For å gi positive resultat på læring, må teknologi koplast til god pedagogikk. For både utdanningsstyresmakter og bistandsaktørar bør ein alltid spørje seg sjølv om bruk av teknologi er passande, om det fører til større eller mindre forskjellar, om det kan skalerast og om det er berekraftig.

Bistandsaktørar må ta sin del av ansvaret. Vi må alltid ta utgangspunkt i læringsmål og kva som er best måte å nå dei på, og vi må støtte utdanningsstyresmakter i deira vurderingar av kva som vil fungere i deira kontekst. Ofte har debatten om teknologi og utdanning handla meir om teknologi enn utdanning. Det er viktig å byrje i riktig ende: med barna og læring som utgangspunkt.

Kronikken er også publisert i Dagsavisen 19.10.2023. 

Publisert 20.10.2023
Sist oppdatert 20.10.2023