Evalueringsprogrammet for 2011 og 2012 er nå publisert og finnes på norsk og engelsk

Det er eit rullerande program som blir revidert ein gong i året.

Programmet viser at Evalueringsavdelinga ved nyttår 2011 har 17 evalueringsprosjekt i gang, som anten blir gjorde som norske evalueringar eller i samarbeid med andre. I tillegg til desse kjem evalueringar under samarbeidsavtalene med Verdsbanken og FNs utviklingsprogram UNDP. I utarbeiding av program har Evalueringsavdelinga, etter innspel frå Utanriksdepartementet, Norad og ambassadane, lagt vekt på å ha balanse på tvers av budsjettpostar, bistandsmåtar og kanalar. Samstundes legg vi nå spesiell vekt på større policy-innsatsar, slik som evaluering av klima- og skoginitiativet, initiativet for mor- og barnehelse og olje for utvikling. Elles held vi fram med landretta evaluering, og Afghanistan står på planen for 2011. Vi vil også fortsetje serien med evalueringar av norske frivillige organisasjonars arbeid, der vi i 2011 vil sjå på bistand til det sivile samfunn i asiatiske land. Når det gjeld sektorinnsatsar vil vi mellom anna ta for oss bistand til landbruk gjennom bilaterale og multilaterale kanalar og vil evaluere utdanningsinnsatsen gjennom multilaterale organ.