Balti, ein av dei største byane i Moldova.
Balti, ein av dei største byane i Moldova.
Foto: EBRD

Moldova i Nansen-programmet for Ukraina

I tråd med den politiske avtalen og Prop. 44 S (2022-2023) er Moldova det einaste prioriterte nabolandet i det norske Nansen-programmet for Ukraina. Dette då landet er særleg ramma av ringverknadane av den russiske angrepskrigen mot Ukraina. Moldova står frå tidlegare overfor langvarige og samansette utfordringar – både økonomisk, for energisektoren, landets tryggleik og humanitære forhold. Meld. St. 8 (2023-2024) slår fast at Noreg støttar opp om den FN-koordinerte humanitære innsatsen for flyktningar i Ukrainas naboland, kor innsatsen i Moldova vert gitt særleg prioritet.

Sidan fullskalainvasjonen av Ukraina har Moldova handtert ei flyktningkrise, ei energikrise, høg inflasjon og ein vanskeleg sikkerheitssituasjon. Sidan februar 2022 har rundt 1,3 millionar ukrainarar kome over grensa til Moldova. Per desember 2023 var det ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) registrert kring 110 000 ukrainske flyktningar i Moldova. Med ei befolkning på knapt 2,6 millionar, har Moldova tatt imot flest ukrainske flyktningar per innbyggjar, trass i at landet er eitt av Europas fattigaste.

Tidlegare var Moldova nært heilt avhengige av russisk energi. Sjølv om dette har blitt kraftig redusert siste par år, er det framleis behov for å ytterlegare styrke energiuavhengigheita, både i form av betra energieffektivitet, betre overføringskapasitet med EU-land for import av straum og satsing på eigen, fornybar energiproduksjon. I tillegg stiller forhandlingane om EU-medlemskap krav til styresmaktene i landet. Reintegrering av Transnistria er ei særskild utfordring for Moldova.

Moldova er også eit mål for russisk hybridkrig og desinformasjonskampanjar, som freistar å undergrava Moldovas stabilitet og europeisk integrering Frykta for at Russlands krig mot Ukraina på sikt kan spreiast til Moldova, held fram. Gjennom Nansen-programmet støtter Noreg den moldovske staten i handtering av krisene, og støttar opp om rettsstatsreformer og tettare samarbeid med resten av Europa.

Norsk støtte til Moldova gjennom Nansen-programmet

Norsk kontakt med og økonomisk støtte til Moldova har blitt trappa opp som følgje av den russiske angrepskrigen av Ukraina. I 2024 opnar Noreg ambassadekontor i Chisinau for vidare samarbeid med Moldova og tettare koordinering med moldovske og internasjonale partnarar. EFTA-landa og Moldova forhandla videre i 2023 fram ein frihandelsavtale som legg grunnlaget for styrkte økonomiske band. 

Den norske støtta til Moldova skal vera fleksibel og basert på moldovske behov. Moldova vil i åra framover ha behov for sivil støtte for å sikra framgang i europeisk integrasjon, reformer og godt styresett.

I 2023 gav Noreg gjennom eit samarbeid med Den europeiske banken for gjenoppbygning og utvikling (EBRD) 400 millionar kroner til Moldova for kjøp av gass. Noreg løyvde òg 100 millionar kroner til Verdsbankens nyoppretta fleirgivarfond Moldova Growth, Resilience and Opportunities for Wellbeing (M-GROW), som vil gir moldovske styresmakter støtte til kritiske investeringar, til betra konkurranseevne, styrka institusjonar og auka energieffektivitet. Noreg støttar også fleirgivarfondet E5P, som styrkar grøn utvikling av offentleg og kommunal sektor innan energieffektivisering i område som til dømes fjernvarme, avfallshandtering og infrastruktur. I tillegg støttar Noreg opp om reformarbeidet gjennom Europarådets handlingsplan for Moldova, med fokus på rettsstat, demokrati og menneskerettar. Innretninga for norsk støtte til Moldova for 2024 er under utarbeiding, og vil ytterlegare bidra til å styrka Moldovas sivile motstandskraft, energi- og samfunnssikkerheit og europeiske integrering.

Noreg er blant dei største humanitære givarane i Moldova. Noreg har bidrege med om lag 490 millionar kroner i humanitær støtte til responsen i Moldova sidan Russland sin fullskalainvasjon av Ukraina i 2022. Moldova er eit særskilt naboland også i den FN-koordinerte humanitære responsen, då sårbar lokalbefolkning vert støtta i tillegg til flyktningar frå Ukraina. Ifølgje FN fekk rundt 160 000 menneske humanitær støtte i Moldova i 2023. Det inkluderte kontantoverføringar til 86 000 ukrainske flyktningar og 46 000 moldovske vertsfamiliar. Sentrale partnarar i den humanitære responsen i Moldova under Nansen-programmet for Ukraina inkluderer FN ved IOM, UNFPA, UNHCR, UNICEF, WFP, WHO, og Røde Kors-bevegelsen, Caritas, Flyktninghjelpen, Kirkens Nødhjelp og NORCAP.

Publisert 01.05.2024
Sist oppdatert 01.05.2024