Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad
Foto: Nadia Franzen

Bistand: Fra veldedighet til investering – Er det på tide for Bistand 2.0? 🌍💡

Vi står overfor globale utfordringer som krever et nytt perspektiv på bistand. Hva om vi sluttet å se på bistand som bare pengegaver og begynte å betrakte det som investeringer i vår felles fremtid?

– Klimaendringer, pandemier, ulikhet og tapet av naturmangfold – dette er utfordringer som påvirker oss alle. Men hva om bistand kunne være nøkkelen til å takle disse problemene? Det er på tide å tenke større, dristigere og mer strategisk. Hvordan kan vi omforme vårt syn på bistand og gjøre den til en kraftigere motor for global utvikling?

Av Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad.
Essayet er også publisert her i Morgenbladet 5. januar 2024.

Det var om lag 16 millionar tre på Påskeøya då ei gruppe polynesiarar gjekk i land der, rundt år 1200. Øya er lita, så det må ha vore utruleg grønt og frodig. Då kaptein James Cook, den britiske navigatøren og oppdagingsreisande, kom til Påskeøya ein marsdag i 1774, var det ingen tre att. Dei var hogd ned. Og samfunnet hadde kollapsa.

Det er den amerikanske biologen Jared Diamond som fortel denne og sju andre historier om samfunn som braut saman i «Kollaps: Hvordan samfunn går under eller overlever».  Kvar historie er unik, og spesifikk. Men noko er annleis. Smått er blitt stort. Lokalt er blitt globalt. I vår tid, den mange omtalar som antropocen (menneskets tidsalder), kan vi menneske påverke jordas miljø fundamentalt. Det vi før kunne gjere med økosystemet på ei isolert øy, kan vi i dag gjere med det globale klimaet eller naturmangfaldet.

Diamond bruker Nederland som døme på nett dette: Ein femtedel av Nederlands totale areal ligg under havnivå, godt og viktig landbruksland. Desse områda, kalla «polder», var ein gong grunne bukter som vart attvunne frå havet ved å bygge opp diker rundt, og pumper for å få vatn ut: «Vi befinner oss virkelig nede i den samme polderen sammen. Det er ikke sånn at de rike bor trygt og godt på toppen av dikene, mens de fattige bor nede i polderne under havnivå. Hvis dikene og pumpene svikter, drukner vi alle sammen».  

Verda er ein polder, tenkjer Diamond, som vi er gjensidig avhengig av kvarandre for å ta vare på og for å løyse felles problem. Men, vi har ingen felles finansieringsmekanisme og svake institusjonar for slike problem. I dag er bistand vårt viktigaste økonomiske verktøy for å bidra internasjonalt, men bistand har eit anna formål og struktur. Og eit heilt anna startpunkt.

«God plan. Det er nødvendig å gi folk noe positivt ved siden av de store forsvarsbevilgningene» skreiv Arne Ording, sentral rådgjevar for utanriksminster Halvard Lange, i dagboka si ein dag i februar 1952. Det «positive» var ideen om at Norge skulle gje utviklingshjelp til fattige land, i første omgang som fiskeribistand til eit lokalt område i India. Ein drøy månad seinare hadde nokon snakka saman i eit uformelt møte (partiformann Gerhardsen, statsminister Torp, stortingspresidenten og ein statssekretær i DU – det var vel slik ein gjorde det) og «Indiahjelpen» vart til, i første omgang med ei løyving på 10 millionar kroner.

Ideen passa AP godt, men særnorsk var den ikkje. Dei fleste nord-europeiske land (og USA) starta med bistand i denne perioden. Det passa rike land sitt sjølvbilete å hjelpe, men behova var også reelle. Meir enn 70% av verdas folk levde i ekstrem fattigdom på starten av 1950-talet. Det meste av verda var lut fattig.

Det er vanskeleg å fatte, fordi det er så annleis no. Verda har vore ein suksess, særleg i form av menneskeleg utvikling. Under 10% av verdas befolkning lever i ekstrem fattigdom no. Elektrisitet og utdanning har gått frå luksusgode til utbredt. Barnedødelegheit er halvert. I dag har vi tung dokumentasjon for at bistand var viktig for denne suksessen. Vaksinar, utdanning og elektrisitet er blant dei dokumenterte bidraga. Mindre kjent er bidraget til økonomisk vekst. Det store forskingsprosjektet til UNU-Wider ‘Research and Communication on Foreign Aid’ leia av danske økonomen Finn Tarp – har gått gjennom forskinga på samanhengen mellom bistand og økonomisk framgang. Bistand har hatt solid og varig effekt på fattige land sin økonomiske vekst.

Men på desse 70 åra har også det globale biletet endra seg på måtar utviklingpolitikken berre delvis har teke inn over seg.

Verda hadde i-land og u-land, no har den land. Det gjev ikkje eigentleg meining å snakke om to typar land lenger, det er heller snakk om ei glidande overgang mellom land med dels like, dels ulike, utfordringar. Dei stabile og fungerande landa som berre var veldig fattige har derimot utvikla seg: Kina er offisielt eit utviklingsland, men i røynda rike som mange europeiske land. India har ein større middelklasse enn USA. Brasil, Egypt og Indonesia er mellominntektsland som knapt kan samanliknast med Somalia eller Niger.

Ekstrem fattigdom fins enno, men er i langt større grad konsentrert til ein region – Afrika sør for Sahara – og ein type land – land som opplever væpna konflikt. Meir enn 60% av verdas ekstremt fattige lever i land som er prega av væpna konflikt og ikkje-fungerande styre av staten. Dei siste åra har eg besøkt land som Mali og Sør-Sudan, land som står fast i ein gordisk knute der fattigdom, konsekvensane av klimaendringane, humanitære kriser og konflikt flyt saman i ein negativ spiral. Det motsette av utvikling. Bistand er eit effektivt og velprøvd verkemiddel for humanitær hjelp og langsiktig utvikling her.

Samstundes trer nye, felles utfordringar – på tvers av gamle skilje mellom i-land og u-land – fram som sentrale.

Frå covid19-pandemein starta i Wuhan i Kina, til den dominerte liva til dei fleste menneske i verda, gjekk det berre få månadar. Den amerikanske økonomen Branko Milanovic har kalla dette den første verkeleg globale hendinga. Vi opplevde det samstundes, vart påverka over heile verda – og måtte bekjempe den saman. Vi var i same båt, sjølv om nokon låg under eit teppe på dekk medan andre hadde ein suite på første klasse.

Forvaltning av verdshava, naturmangfald og global økonomisk ulikheit er andre liknande globale utfordringar. I tillegg til fred og tryggleik, sjølvsagt.

Og størst av dei: Klimaendringane og tap av natur. Det spesielle med klimaendringane er at dei vil få dramatiske konsekvensar for det meste av verda, og at dei berre kan løysast om alle stiller opp. Det hjelper ikkje om berre rike land, eller berre fattige land, er med – dugnaden krav at globale utslepp går til null.

Alle desse – pandemiar, naturmangfald, stabilt klima, jamn global fordeling eller tryggleik – er det vi kan kalle globale fellesgode. Ingen kan skaffe dei åleine, vi må investere i dei saman. Og, vi kan ikkje oppnå dei utan at mange er villig til å investere i dei.

På eit vis bryt dei med det tradisjonelle skiljet mellom rike og fattige land: Dei angår alle. Og alle er del av løysinga.

Samstundes er konsekvensane av covid, klima og konflikt langt større i det globale sør. Klima kan til dømes bli den dominerande trussel mot vekst og utvikling i fattige land.

Oppsummert: Vi står i eit eit nytt globalt landskap, med nye utfordringar. Vi har felles globale utfordringar, som er enorme og rammar alle: som klima og covid.

Bistand kan bidra til løysingane, men berre om Bistand 2.0 trer fram på toppen av den vi allereie har. Bistand 2.0 bør ha eit globalt målbilete, vere fundamentalt grøn, vere langt større og gå på tvers av offentlege og private kjelder – og gå der den har størst effekt. Slik eg ser det, bør den bygge på fire prinsipp:

Framtidas bistand er solidaritet, men i tillegg bygger den i større grad på vår eigeninteresse. Sølv om den ikkje er til oss sjølv. Den er vårt økonomiske bidrag til at det vert investert i løysingar vi har interesse av, i land med lågare kapasitet til å gjere det som må gjerast. Vi må bruke langt meir pengar på å løyse felles problem, og ofte er dei midlane mest effektivt brukt utanfor våre eigne landegrenser. På klima-området til dømes, er nesten alle internasjonale tiltak meir effektive enn dei vi sjølv kan gjennomføre. Dette er bistand – men det er også mykje meir enn bistand. Det er hjelp til sjølv-hjelp og hjelp til andre.

Framtidas bistand må både skape økonomisk utvikling og handtere klima- og naturkrisa. Samstundes. Første gong eg besøkte Malawi såg eg berre eit neonskilt i hovudstaden. Det hang på veggen på tobakksbørsen, landets viktigaste næring, og skreik mot meg: «Thank you for smoking». Bistand må ikkje bidra til at land bli ståande fast i fortidas næringar basert på varer som er vanskeleg å selje om 50 år. Kvar krone vi bruker på å avskaffe fattigdom må bidra til ein grøn utviklingsmodell. Kvar krone til klimabistand må skape utvikling. Det er også naturleg å integrere klimatilpassing, altså evna til å handtere konsekvensane av klimaendringar, inn i all bistand vi gjer til dei mest utsette landa.

Framtidas bistand er større. Internasjonale ekspertar er stort sett samstemte om at vi er langt unna å nå både bærekraftsmål og klimamål. Pengestraumane er altfor små. Fleire statar må finansiere langt meir, både rike land og mellominntektsland. Det er naudsynt at statleg bistand blir supplert av eit heilt anna nivå av private investeringar i bærekraft og klima. Dei siste åra har private investeringar frå rike til fattige land – også klimainvesteringar – gått ned, ikkje opp. Her må privat sektor bære eit større og meir direkte ansvar enn i dag, og blanda finansiering må bli meir vesentleg.  I så fall må heile verkemedelapparatet – med bistanden i ein støtterolle – mobiliserast. Privat kapital og offentlege pengar må verke saman. Noreg kan gå foran ved å sette seg eit mål for å auke dei private investeringane i utviklingsland.

Framtidas bistand går dit effekten er størst. Om vi kunne bruke all norsk bistand på dei tiltaka vi veit verkar aller best, ville den samla effekten vore langt større. Og: vi har langt betre grunnlag for det enn for berre 20 år sidan. Bistand har gått gjennom ein kunnskapsrevolusjon, der moderne forskingsmetodar har gitt eit god grunnlag for å prioritere mellom tiltak ut frå kva som verkar – ikkje kva vi likar. Norsk bistand er god, men både norsk og internasjonal bistand kan auke effekten sin vesentleg ved å la fakta ha makta.

Oppsummert: Summen av dette er ein ny bistand som i tillegg til kamp mot fattigdom skal vere ei investering i globale fellesgode. Som skal sikre ein grøn utviklingsmodell, ikkje berre utvikling. Med ei større finansiering som både er privat og offentleg. Som legge større vekt på å vere ei effektiv investering i vår felles framtid.

Bistandens kjerneoppgåve, det humanintære arbeidet og avskaffing av fattigdom, består. Men eit breiare tilleggsmål som også er i vår eiga interesse kjem til. Dette er i realiteten globale investeringar for å nå felles globale mål. At vi når dei er i vår eiga interesse, men også ei absolutt føresetnad for avskaffing av fattigdom.

Ei ekspertgruppe sett ned av regjeringa la 15. mai 2023 fram rapporten «Investering i en felles framtid», som tilrår grep i denne retninga. Utgreiinga vart lagt merke til i bistandsmiljøet, men debatten det vert invitert til går langt breiare og angår vår måte å tenke om Noreg i det internasjonale samfunnet.

I botn ligg eit fundamentalt spørsmål. Kan vi kjenne fellesskap, og dermed felles interesser, og dermed samhald med dei som bur og verkar på andre sida av jorda, under heilt ulike tilhøve? Avgjerande, fordi slik er vår samtids viktigaste utfordringar: genuint globale i sin natur. Pandemiar og andre konsekvensar av smittsame virus, dei globale klimaendringane, tapet av naturmangfald, tappinga av verdshava, den ekstreme ulikskapen mellom menneske.

Rune Slagstad har i sitt meisterverk «De nasjonale strateger» skildra korleis ein serie nasjonale strategar frå midten av 1800-talet til midten av 1900-talet utvikla vår nasjon. Litt som vårt nasjonale fellesskap vart bygd gradvis og forsiktig, og til siste skapte ein stat, institusjonar, eit kulturelt fellesskap, slik må vi utvikle sterkare globale fellesskap. Ein del av den utviklinga er at bistand går frå å vere gåver frå rike til fattige land, til å vere del av ei internasjonal finansiering som investerer i globale gode som vi sjølv har interesse av.

Vi treng internasjonale strategar, som kan tenke slik – tett kobla til tenkinga i andre land. Mitt råd til dei som utformar politikk ville være å drøfte desse spørsmål opent og søkande, og å tenke i langt breiare baner om korleis vi skal finansiere internasjonal framgang. Det må skje i eit tettare samspel mellom privat og offentleg, og det vil utan tvil krevje at vi bruker langt større summar på det. Og det må bygge på vilje til å ta eit internasjonalt ansvar, både av solidaritet og fordi det er i vår eiga interesse.

Bistand oppstod som ei gåve frå oss til dei. Dagens og framtidas utviklingssamarbeid må handle om å løyse felles problem uavhengig av kor i verda vi bur, problem som dei eg diskuterte tidlegare i denne teksten: klima, natur, pandemiar og ulikskap. Det er tid for globale investeringar som eit nytt rammeverk for utviklingspolitikken.

 

 

Publisert 08.01.2024
Sist oppdatert 08.01.2024